Evangeliet er ei Guds kraft til frelse.

Skrevet av: , publisert 16.02.2019

Eg står i skuld både til grekarar og barbarar, både til vise og uvise. 

Difor er eg for min del villig til å forkynna evangeliet for dykk i Rom òg.

 

For eg skjemmest ikkje ved evangeliet,

for det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur,

både for jøde fyrst og så for grekar. 

For i det vert Guds rettferd openberra av tru til tru,

som skrive står: Den rettferdige av tru, skal leva.

 

Slik lyder Gud Herrens Ord,

ved Paulus sitt brev til kyrkjelyden i Roma, kapittel 1, versa 14-17.

 

Bibeltime over denne teksten - av Peder Almedal, kretssekretær og frokynnar i Kristen muslimmisjon.

Frå Norges Bibelkirke sitt evangeliske møte i Oslo, sundag 10. februar 2019.

 

Eg skjemmest ikkje ved evangeliet

Takk for at eg får dele løftet om livet med dykk.  Jesus har knytt sine løfte til at vi samlast om han, vi kan rett og slett risikere å møte han når vi kjem saman på denne måten.  Ja, vi skal ikkje vere overraska om det skjer nettopp i denne stunda.

Les meir her:

 

I Apg 5,20 står om dei første kristne at dei gjorde mange teikn og under mellom folket og ingen andre våga å halda seg nær dei.  Folket hadde mange lovord om dei og det vart stadig fleire som trudde på Herren.  Folket bar dei sjuke ut på gatene og la dei på senger og bårer så i alle fall skuggen av Peter kunne falla på dei når han gjekk framom.  Mange kom langvegs frå med sjuke og folk som var plaga av ureine ånder og alle vart lækte.

Det som då skjedde var at øvstepresten og dei som heldt med han vart sinte og sette apostlane i fengselet.  Men Gud sende til dei sin engel som kom og opna fengselsdørene, førde dei ut og sa han dette flotte:  Gå av stad, stå fram i tempelet og forkynn alt livsens ord for folket! 

 

Dette er vi kalla til som har fått høyre om Jesus og blitt sett i fridom av han. 

Fri i fra nøden, dommen og døden, som vi syng i ein song.

Fri til å forkynne ordet som er levande ved at det følgjer ei kraft med, ord som handlar om ein levande frelsar som forkynner for oss at «Eg er livet». Ord som fører oss frå åndeleg død til åndeleg liv. 

Forkynn livsens ord for folket. Livsens ord – Jesu ord som fortel at:

«Den som trur på meg skal leva om han så døyr.

Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æva ikkje døy. » Joh. 11,25-26.

 

Teksta eg vil dele med dykk kan vi lese i Romerbrevet:

Rom 1,14-17:

Eg står i skuld både til grekarar og barbarar, både til vise og uvise.  Difor er eg for min del villig til å forkynna evangeliet for dykk i Rom òg.

For eg skjemmest ikkje ved evangeliet, for det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, både for jøde fyrst og så for grekar.  For i det vert Guds rettferd openberra av tru til tru, som skrive står: Den rettferdige av tru, skal leva.

Vi skal sette nokre få overskrifter over det vi skal dele.  Først dette:

Kven er vel eg – at eg skulle skamme meg over Jesus?

Vi må ofte undre oss over dette store spørsmålet: Kven er vel eg?  Kvar kjem eg frå og kvar skal eg av?  Bibelen vår har klar tale om dette.  Bibelen talar på eine sida om eit støvkorn i universet, om noko lite som blømer ei stund lik blomen på marka og sidan visnar og fell av.  Men samtidig talar Bibelen om at menneske er dyrebart for han.  At han har tenkt oss ut før ein einaste av dagane våre var talde.  Akkurat slik du er - er du noko som han ville, noko som Gud laga for at du skulle vere til ære for han. 

Han – universets suverene skapar og Herre, han tenkte på deg.  Paulus skriv i Efesarbrevet 3 om at vi må få opplatne auge så vi kan sjå … sjå håpet vi er kalla til, kor rik på herlegdom arven hans er mellom dei heilage og kor overvettes stor hans makt er for oss som trur.  Veit du: Han talar ikkje her om at vi må få sjå vår arv, men at vi må få sjå hans arv.  Det betyr å sjå kor uendeleg verdfull du er for han. Hans arv er Guds barn.  Jf. Salme 16.   

Men den ugudelege er ikkje del i hans arv. Den ugudelege er etter Guds ord overlaten til evig straff.  Ikkje fordi du levde så syndig eit liv, men fordi du ikkje brydde deg om det einaste namnet som betyr noko for vår frelse.

Så spør eg igjen:  Kven er vel eg at eg skulle skamme meg for Jesus?  Det er grunn til å spørje fordi det er mange av oss som skjemmest for han når vi møter andre menneske.  Når vi blir utfordra.  Vi vil helst ha det komfortabelt - og det er mykje meir komfortabelt å sleppe å bli utfordra på dette med trua.  Men stakkars vesle meg har då ikkje rett til å skjemmast for han?

 

Jesus skamma seg ikkje ved meg

Ein viktig grunn til at eg ikkje kan skamme meg for han, er det at han ikkje skamma seg over meg. 

Nei, Himmelens konge steig ned frå trona si og la av seg si skinande drakt og let seg bli født i ein stall i fattige kår ei natt i Betlehem i starten av vår tidsrekning.  Over heile verda, ja sjølv i ateistiske land, er kalenderen sett etter denne mannen. Han skamma seg ikkje.  Om han var fødd i fattige kår, vart ikkje situasjonen noko betre.  Folk ville drepe han frå han kom til verda, men dei fekk ikkje for Guds ord sa at han skulle gje livet sitt - som ein løysepenge for mange.  Han måtte flykte som barn og seinare i vaksen alder var dei fleire gonger ute etter han.  Dei spytta på han, dei slo han, dei reiv av han skjegget, dei piska han til blods og til slutt hengde dei han opp og spikra han fast på eit uhøvla trekors.  Han var heile tida klar over kva som skjedde og han var klar over at det var for dette han var komen. 

For å kjøpe meg rett til himmelen. Han skamma seg ikkje over å kalle dei vener som var rundt han.  Sjølv Judas fekk vennehelsing både i nattverdssalen og i Getsemane. Invitasjon til å vere nær han. Blikket frå Jesus søkte nok også seinare etter Judas, men blikket vart aldri møtt.  Men han let ikkje opp sin munn i sjølvforsvar.  Han slo ikkje att.  Han brukte ikkje sitt uimotståelege blikk til å smigre med sine dommarar. Han kunne pulverisert alle med eit ord. Men han valgte naglane fordi han ikkje skamma seg over meg. 

Han steig villig ned og ga sitt liv i døden av rein kjærleik til meg og deg.  Til slutt ropte han ut sitt «Det er fullbrakt!» Då var siste blodsdråpen gjeven for deg og meg.  Det var ikkje halvgjort.  Saka var ført til endes og det var ikkje meir å legge til.  Han skamma seg ikkje over å kalle oss sine vener.  Kor skulle då eg skamme meg over han?  

 

Guds kraft til frelse for kvar den som trur

Lytt til den herlege bodskapen! Evangeliet er Guds kraft til frelse for kvar den som trur.  Amen.  Spurgeon har ein gong sagt at å prøve å forsvare Jesus er som å skulle forsvare ei løve i bur.  Det har ingen hensikt.  Det er mykje betre å sleppe løva laus og la henne forsvare seg sjølv.

Framfor all anna tale i denne verda har evangeliet den fordelen at det utrettar noko.  Det er ikkje berre herlege ord, men det følgjer ei kraft med.  Ei kraft som gjer døde levande og gjer slik at vi blir nye skapningar i Kristus. 

Frelse er vårt djupaste behov og berre Gud kan stille behovet.  Evangeliet er den glade bodskapen om at Jesus vil bytte vår synd med sin nåde.  Det er godt nytt for alle som det går opp for at eige liv ikkje held standarden for korleis livet skal vere for at vi skal tilfredsstille Gud.  Eg kan bli fullstendig frelst og fri fordi Jesus døydde for meg. Jesus sitt liv tilfredstiller Gud og eg kan få eige Jesus sitt fullkomne liv.  Det er kraft til frelse i evangeliet også i dag. 

 

Muslimane kjenner ikkje Guds nåde og frelse i Jesus Messias, Guds Son - dei godtek ikkje Jesu død på korset som eit stedfortredande sonoffer for menneska si synd.

Forholdet til synd er ei av dei store utfordringane til muslimen.  Å vere muslim er å underkaste seg ein allmektig og uberekneleg Gud.  Denne underkastinga betyr at muslimen gjerne vil vere lydig mot Guds lov slik den kjem fram i Koranen. 

Muslimen vil søke å oppfylle lova i sitt praktiske liv.  Når han eller ho bryt lova eller sviktar i å leve etter dei religiøse krava og forskriftene meiner muslimen at han har synda, for synd er ulydighet mot Guds lov.  Men muslimen sitt problem er at han er lært at Allah gjer som han vil uavhengig av den som har underkasta seg han.  Han veit godt at han er ein syndar, og han håpar på Guds barmhjertighet.  Men han kan aldri vere sikker.  Så vil muslimen vere livredd for tilfeldigheta i den evige domen.   Alt er avhengig av Allah sin vilje.  Muslimen kan ikkje godta læra om eit offer til soning for synd.  Korset er støytesteinen.  

 

Her er ein stor kontrast.  Jesus steig ned til oss.  Han er midt mellom oss og vi kan allereie her i verda få møte han og hans tilgjeving.  Vi kan ha visshet.  Vi kristne har ikkje gitt oss til Gud og kan håpe på hans tilgjeving om han finn det for godt.  Nei, han har lovt oss at hans blod reinsar oss frå all synd.  Vi har gitt oss over til hans nåde. 

Jesus kjem til oss ved evangeliet og tilbyr oss si fullkomne frelse og om vi trur, så har han ordna saka.  Dette har Paulus sett så mange gonger.  Det er med overtyding han seier dette.  Han hadde ikkje tenkt å skamme seg.  Det er eit retorisk utsagn han kjem med.  Han hadde sett korleis Guds kraft virka for og gjennom den truande frå den dagen han sjølv kom til tru og til han måtte lide martyrdøden. 

Men også vi ser denne krafta virke heilt konkret. Sjå då vel.  Det står om kraft til frelse.  Vi ser og høyrer om det.  På bedehusa våre skjer det også akkurat nå at Gud tar tak i menneske og fører dei inn til samfunn med seg.  Vil du la deg drage, kan ingenting skilje deg frå Guds kjærleik. 

Det er kraft i evangeliet.  Det er også kraft til å møte alle dine behov, kraft til å leve rett, kraft til forsoning, kraft til å halde ut i prøvinga, kraft til å møte døden med frimodighet og kraft til å skape forandringar i samfunnet.

Slik er det med evangeliet.  Det er den same krafta som reiste Jesus opp att frå dei døde som vi har verksam mellom oss. 

Læresveinane og Paulus er strålande eksempel og vitne om  krafta i evangeliet.  Dei var utruleg frimodig trass motstand.  Dei ga klar beskjed om at dei ikkje kunne la vere å tale om det dei hadde sett og høyrt. Dei ba for sjuke, dei vitna for kongar og for dei høgste i landet.  Dei skjemdest verkeleg ikkje ved evangeliet.

Måtte vi  lik Paulus bli grepen av Jesus.  Eg trur vi så lett kan bli forstyrra av all verdas strategiplanar og menneskeskapte ordningar, at Jesus forsvinn.  Vi skal få vere frimodige og halde han høgt.  Fortelle at Jesus elskar kvar menneskesjel så høgt at han ga livet sitt til soning for alle verda sine synder. 

Sven Foldøen formulerte dette sterkt då han sa:  Du er elska av Gud, kven du enn er og korleis du er.  Anten truande eller vantru, kald eller varm, om du lever fint og moralsk eller i åpenbar synd.  Du er elska av Gud du som aldri har bedt ei bøn.  Du som trivst i synda, ja, som elskar synda og gler deg i synda.  Du er elska av Gud.  Du som bannar, drikk, lever usedeleg, du som baktalar dei truande – ja som hatar dei.  Også deg elskar han med ein evig kjærlighet.

Norvald Yri fortalde historia om ei forsamling der ei original dame i forsamlinga hadde det slik at når ein talar ikkje var tydeleg i sin tale om Jesus, begynte ho først å kviskre forsiktig:  Get him up!  (Løft Jesus opp). Etter ei tid vart kvinna meir og meir høgmælt.  Måtte eg få lov å løfte Jesus høgt og tale tydeleg om han! Løft Jesus opp!

 

Eg står i gjeld

Paulus er komen til hovudinnhaldet i Romarbrevet.  Han forkynner at han er skuldfri for Gud.  Og kvar den som trur på han, har fått gjeldsbrevet sitt nagla til korset og står utan gjeld for Gud.

Men dette er samtidig visshet om at eg står i ei umåleleg stor gjeld til til alle menneske som ikkje veit dette.  Fordi eg er gjeldfri for Gud, har eg eit veldig bodskap til alle som ikkje kjenner til at han blei gjort til synd for oss.  Difor seier Paulus i 1. Kor 9,16:  « …. Ve meg om eg ikkje forkynner evangeliet»

Det å stå i gjeld er ei alvorleg sak.  For viss du har gjeld kan du ikkje det du vil med den.  Den må betalast.  Viss ein kjem til deg og ber om å få 10.000,- kroner som ei gåve, så er det opp til deg om du vil gje han det.  Kjem han til deg og spør om han kan få låne 10.000,- kroner av deg, så er det fortsatt heilt opp til deg om det passar for deg å låne vekk pengar.  Men viss ein kjem og presenterer ei rekning, ja, då må eg få tak i dei pengane.  For gjelda skal betalast.

Å drive misjon er ikkje ein fritidsaktivitet for dei truande.  Det er ikkje hjelpearbeid på line med andre frivillige organisasjonar. Det er ikkje noko vi kan koste på oss om vi syns vi har tid og råd.  Nei det er ei gjeld.  Vi skal og vi må forkynne evangeliet.   Saka er veldig alvorleg.  Vi står til ansvar for Gud.  Han som strauk ut vår syndegjeld, og som har vist oss vår plikt til at ordet om Jesus må bli forkynt over heile jorda.

Det er berre ein gangbar mynt i denne saka, og det er evangeliet.  Det sanne evangeliet.  Ingen ting kan erstatte evangeliet.  Vi veit at vi står i gjeld, vi veit at det hastar for mange menneske treng å bli berga for evigheta og Jesus kjem snart!

 

Frimodig forkynning kan medføre at folk blir frelst

Ein ven av meg, den messianske jøden Richard Glickstein, fortalte ein gong om eit evangelisk møte med om lag tretti frammøtte jødar ein stad i Russland på slutten av nitti-talet. Etter litt vakker jødisk musikk, talte han om privilegiet det var å vere jøde.  Sidan han ikkje kjende seg kalla til å invitere til Messias denne dagen, sette han seg med stor fred for at Gud hadde kontrollen.  ”Bruk bodskapen, Herre!” 

 

Plutseleg kom det fram ein mann, kledd i svart – svart dress, svarte sko, svart høghalsa genser.  Han kom fram til mikrofonen og snakka til forsamlinga på russisk.  ”Viss eg ikkje likar einkvan, så drep eg han”, sa han.  Denne mannen var den berykta leiaren for mafiaen i dette området.  Den hese stemmen hans, som skuldast ein skotskade han fekk i krigen mot Afghanistan, forsterka den uhyggelege utsjånaden hans. Det han sa var det siste eg hadde venta å høyre.  Han fortalde oss at songen og musikken hadde minna han om barndommen hans, då den jødiske faren hans snakka til han om deira arv.  Og han fortalde oss at han ikkje hadde greidd å stoppe gråten.  Dette monsteret som kunne ha spelt kjempe i kva som helst mafiafilm. 

Då han var ferdig, snakka Richard med han om Gud og den planen Herren hadde for livet hans.

To veker seinare sette var det eit nytt møte i den same byen. Og vår nye ven innfann seg igjen. Då innbydinga blei gitt, reiste mafialeiaren seg opp og tok imot Jesus.  To dagar seinare var han død -  sannsynlegvis myrda.  Det får vi nok aldri vite…  Vi veit ikkje sikkert korleis han døde, men vi veit kvar han er.  Som den jødiske røvaren på korset, slik innsåg også denne jøden sitt behov for Jesus etter eit langt liv i kriminalitet og synd.  Og like før han døde, fekk han oppleve Guds nåde og blei frelst frå syndene sine.

 

Just som jeg er

Eg har sett fleire forteljingar om korleis songen vart til.  Følgjande forteljing er så sterk at eg vel å ta den med slik, sjølv om eg veit at andre har fortalt den på anna vis. 

I 1834 var det i London ein stor konsert der mange høgståande menneske var samla.  Ein av dei inviterte var den kjente predikanten, Caesar Milan.  Ei ung jente sjarmerte forsamlinga denne kvelden med sin fine song.  Etter konserten gjekk Milan elegant men frimodig bort til jenta og sa til henne: 

”Eg sat og tenkte mens eg lytta til deg kor veldig det ville tene Guds rike om dine talent vart brukt i hans teneste.  Du veit det, unge dame, at du er ein syndar i Guds auge, men eg er glad for å kunne fortelle deg at Jesu blod kan rense deg frå all synd.”

 

Dama blei så sint på predikanten at ho trampa føtene hardt I golvet og gjekk sin veg.  Då ho gjekk sa han:  ”Eg tullar ikkje, eg vil be om at Guds Ande må overbevise deg.” 

Vel - det er mange måtar å vitne om Jesus på, og det skal vi la ligge.  Men resten av historia er at den unge dame gjekk heim.  Ho fekk ikkje sove. Ansiktet til forkynnaren sto for henne og orda var ville ikkje sleppe.  Klokka to om natta sto ho opp, fann blyant og papir og mens tårene rann nedover kinna skreiv Charlotte Elliot følgjande:

Just as I am, without one plea,
But that Thy blood was shed for me,
And that Thou bidst me come to Thee,
O Lamb of God, I come, I come

Just som jeg er, ei med et strå

Av egen grunn å bygge på,

Jeg uforskyldt må nåde få og kommer,

O Guds lam til deg.

 

Også du kan gjere ein forskjell for dei menneska du er saman med.  Jesus seier at å ta imot han er som å gå frå mørke til lys eller frå død til liv.  Det skulle ikkje vere så vanskeleg å velje. Du må eige det for eigen del, og Jesus ønskjer at du er med og seier ifrå også til andre. 

 

Peder Almedal,

Kristen muslimmisjon

****

 

Just som jeg er – ei med et strå
Av egen grunn å bygge på,
Jeg uforskyldt må nåde få
Og kommer, o Guds Lam, til deg.

 

 

Just som jeg er – så syk og trett,
I synd og skam, i mørke tett,
La blodet rense bort hver plett!
Jeg kommer, o Guds Lam, til deg.

 

Just som jeg er – så svak og arm,
Med sorg i sinn og tvil i barm,
Å, frels meg ved din sterke arm!
Jeg kommer, o Guds Lam, til deg.

 

Just som jeg er – så fattig, blind,
Så hjelpeløs, så tung i sinn,
Å, ta meg til ditt hjerte inn!
Jeg kommer, o Guds Lam, til deg.

 

Just som jeg er, – dog nå jeg tror
Hva du har lovet i ditt Ord.
Jeg tror, jeg tror ditt løftesord
Og kommer, o Guds Lam, til deg.

 

Salmebloggen

Bedehusenes Sangbok nr 193 (Lunde forlag)

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer