No livnar det i lundar, no lauvast det i li

Skrevet av: , publisert 05.05.2020

 

No livnar det i lundar,
no lauvast det i li,
den heile skapning stundar
no fram til sumars tid.

 

Det er vel fagre stunder
når våren kjem her nord
og atter som eit under
nytt liv av daude gror.

Guds kyrkje lysa skulle
som høgt på berg ein stad,
med sumar utan kulde
og utan solarglad

 

Guds ord vel alltid lyser,
den sol gjeng aldri ned.
Det hus som Anden hyser,
ligg støtt i ljos og fred.

 

 

 

 

 

Men stundom kom det kulde
på Herrens kyrkjemark.
Det var som Gud seg dulde,
og borte var Guds ark.

 

Det var dei mørke dagar,
Guds ord var fåhøyrd segn.
Og hjarta frys og klagar,
det saknar sol og regn.

 

Så sende Gud sin Ande
som dogg på turre jord.
Då vakna liv i lande,
då grøddest vent Guds ord.

 

Då er det sæle tider
for Kristi kyrkjegrunn.
Då lauvast det i lier,
då livnar det i lund.

 

Då ljosnar det i landet
frå fjell og ned til fjord.
Då losnar tungebandet,
då kved Guds folk i kor.

 

Då skin det over strender
som sol ein sumarkveld.
Då gløder kring i grender
ein heilag altareld.

 

Du vår med ljose dagar,
med lengting, liv og song,
du spår at Gud oss lagar
ein betre vår ein gong,

 

Då me med vigsla tunge,
med kjærleik heil og klår,
alt utan brest og sprunge
skal lova Herren vår!

 

 

Tekst: Elias Blix

Meir informasjon om salmen på Salmebloggen.no

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer